[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Svarte sjø, med fjella tungt omkring deg
og med hår av spindelvev
svarte sjø ditt kloke aue ser meg
gjennom vinterdag og drev
kan du sjå min kvite, indre tanke
kan du sjå det ingen andre ser
kan du høyre hjerte mitt banke
kan du høyre skyggen min som ler
har du svar på det eg aldri fann
finns det i ditt mørke land
svarte sjø
svarte sjø
Svarte sjø, eg spør deg, ve du svare
du mitt mørke trolldomsspeil
svarte sjø, fortell meg ve eg klare
å bygge bru frå alle feil
e det långt frå reddsel og tebake
e det långt frå feighet og te mot
ve eg klare og gå heim den strake
veien ned der alt har festa rot