[ Tekst: Haldis Moren Vesaas ]
Dikt og du
(Sven Erik Vaksdal/ Halldis Moren Vesaas) [Manus]
Alle dei vers eg har dikta til deg!
Dei spring av mitt hjarte som blomar av jord.
Men bad eg deg inn mellom blomane, venn,
drap du kvar ein med eit smil med eit ord.
Men endå om ingen får syngje for deg
av alle dei viser du sår i mi sjel
- å venn, det er dei, meir enn all din eld,
som bergar mitt sinn frå å fryse i hel!