[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Slangetime kom og senk deg søtt og mørkt i meg
la meg nå en flamme te
slangetime krype gjennom byen steg for steg
hakk i hæl på sjelefred
eg og du på ustø bein frå siste skjenkeplass
eg og du og månemann
slangetime synge bak oss, lystene gjer gass
vi ramlar fram, vi ramlar fram
Slangetime nærmar seg, et ekko av ei synd
vi kanskje gjer om vi tar fatt
slangetime, rottefangar, pakka sirkus opp
te kabaret i tåkenatt
same visa, same sirkel vi har vandra rundt
her igjen på farlig grunn
slangetime ta oss med te gløymselen si tomt
ta oss ned i nattas munn
Slangetime før oss bort
ta oss te din stjerneport
det her det har vi aldri gjort
aldri gjort