[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Hon sete’ midt i mot meg
med smilet som ei lanse
med kvinnelist og lempe
i ubestem'lig transe
Hon ser meg opp frå vinen
-sitt filterraude våpen
eg tør knapt heve blikket
kan hende blir det dråpen
I kvinnesinnegåta -
Det e en evig dans
over fossen på ei line
ei vandring blant presanga
og ei og anna mine
Du trur at du har lært
men ei kvinne e ei kvinne
umett’lig god å ta i
og endelaus på sinne
Vinen smaka syrlig
men synge søtt i haudet
ruletten rulla rundt
frå det svarte te det raude