[ Tekst: Dag Øivind Rebnord ]
ein gang for lenge siå, i byen i april
med mor og far på tivoli
eg hadde nettopp kjørt radiobil
men så fekk eg se ein antikk karusell
med kun éin passasjer, ein liten mademoiselle;
hu gynga på ein prikkete hest, og fanga meg med eit smil
… og det gjekk rundt og rundt og rundt
te karusellmusikk
rundt og rundt og rundt, mens me veksla lure blikk
det gjekk rundt - eg gjekk på,
det gjekk rundt, og eg så bare frøken fjong og fin
og ette’ den tredevte turen så spydde eg rosa sukkerspinn
eg såg hu aldri mer, litla frøken karusell
sjøl om eg året ette’ gjekk på tivoli kver kveld
men i spøkelseshuset der fant eg ei ny
hu stod der og grein, hu hadde fått klaus
så eg spanderte tur i berg - og dalbanen, så raus
….og det gjekk opp, opp, opp, så gjekk det ner, ner i ein fykande fart
opp mot ein ny topp - og så gjekk det ner, og eg skreik eg ville av
opp og så ned, hu så opp, eg så ned, eg fekk aldri sett hu klart
i siste kneikå kasta eg opp - så var det stopp
og eg satt klistra i rosa sukkerspinn
på tivoli kan ein lett billa seg inn
at det smake’ godt med sukkerspinn
…men du blir snurra rundt og rundt og rundt
te karusellmusikk
rundt og rundt og rundt, og du møte’ lure blikk
du går opp og flyr ned og så opp og så ned
og du fyke’ som en vind
og i den siste kneikå sitte’ du i rosa sukkerspinn