[ Tekst: Trond Ole Paulsen ]
hallo, eg e’ den hemmelige elskeren te Hilde
eg måtte gjømma meg i skapet her i hui og hast
og Hilde kan få kem som helst ka tid som helst, så sant hu vil det
hu ringte rett før lunsj, då gjekk det ti minutt, så va’ eg på plass
og Hilde hadde akkurat tatt av seg neglisjeen
når me hørte Hildes mann ropa hei, i entreen
herr Nielsen har visst hatt ein halve avspasseringsdag te gode
og han har tatt champagne og jordbær og tjue røde roser med seg hjem
eg sitte her og høre’ på, men grøsse’ og kan strengt tatt ikkje tro det
de går igang på soverommet, eg komme’ ikkje ut igjen!
for under Nielsens seng der ligge alle klenå mine
og snart har visst Herr Nielsen reve av seg alle sine
hallo! Eg e’ elskeren i skapet
og eg ane’ ikkje kordan eg ska’ komma meg ut
hallo! Eg tror eg trenge’ litt hjelp
men det e’ vel ikkje passande å be ein bønn te Gud
eg burde sikkert gjort meg någen tanker om moral her eg sitte’
men her på bånn av skapet e’ der strødd med Hildes mange, mange par med sko
så alt eg greie’ tenka på e’ at eg har ein høge hæl i skrittet
og ka søren eg ska’ gjør’ om ti minutt når eg må på do
eg burde sikkert stå fram og bekjenna mine synder
men eg tror eg vente’ bittelitt og ser om det kanskje skjer et under...
hallo! Eg e’ elskeren i skapet
og eg ane’ ikkje kordan eg ska’ komma meg ut
hallo! Eg tror eg trenge’ litt hjelp
men det e’ vel ikkje passande å be ein bønn te Gud
eg burde sikkert følt et snev av anger i en stund som denne
det e’ lett å la seg riva med av nettingstrømper, string og silikon
men alt eg greie’ tenka på e’ neste ting som komme’ te å henda -
for oppi bukselommen, under sengå, ligge’ min telefon
og eg som har ein avtale med sjefen klokkå ett!
han ringe’ snart og spør kor eg blir av
eg e’ naken, men svett
hallo! Eg e’ elskeren i skapet
og eg ane’ ikkje kordan eg ska’ komma meg ut
hallo! Eg tror eg trenge’ litt hjelp
men det e’ vel ikkje passande å be ein bønn te Gud