[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Eg går frå bord te bord med blikket spent av svolt
og munnen skjelve svakt som ord på tusen volt
eg e klar og eg e villig.
ja eg seie allting billig, eg e ferdig ekspedert
eg tar et nei som at du fortsatt e litt interessert
Det lukta svette, brunst og manndom der eg går
med hjulbeint gange, liksom hesten enda står
trygt imellom beina
med den store stygge greina, men eg føle meg så hul
for jentene glir frå meg som en eregnbue på hjul
Søte snilde jente, vær so snill og ikkje gå
vend meg det andre kinnet, ikkje slå
eg plaska i ei kakedeig som festens store kval
en flørt fatal, mitt navn e Sjarm Sjakal
No har eg tenkt og tenkt at kanskje e det sann
at det e stil og kapital som gjer deg mann
so eg legge ut ei åte
bruka alt som eg har råd te, og leve livet maks
eg leve som en greve, som en pengesikker laks
Og ganske snare e fru Profitt som varm gelè
den femte konjakken får kjolestroppen ned
men dronninga av Saba
ska no bakerst i en Lada og plutslig va det natt
og prinsen blir en frosk og hon en vill og farlig katt
Eg tørka blod og spytt og prøva meg på ny
no som silkeorm med vin og boklig ry
so eg legge uti elva
håpe eg ikkje kvelva som nyfødt, varm poet
og stengde døre opna seg for løgnenes profet
Det gikk som vanlig, eg gikk ramlande på grunn
visst fekk eg napp, men alle dikt har dobbel bunn
for gode råd e dyre
når du sykla uten styre og neste sving e brå
hon skjønte snart at "kunsten" min va lånt fra a te å