[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Mai byr meg villig av si raude skål
eg har blod som champagne, det e sant, herregud!
Jentene spraka som nytende bål
skjørtekant krype långs vinterkvit hud
Skogane ropa og viddene ler
fjorden e open med glitrande hår
kor eg en snur meg, ja kor eg en ser
trippande dame og knoppeklar vår
Eg e spent som en boge av saft
sekunda e ville og blå
vi e folk, vi gå’kje av skaft
men husdyra gjer det dei må
Eg går långsmed stranda der mai drive in
og kjenne det stige et jublande land
långt uti havet bølgja juni som vin
og slår mot ei fjern og varmare strand