Ønsker du å bruke «Det hjartet ser» i ditt prosjekt?

Tekst:
Musikk:
Sven Ohrvik
Artist:
Veslemøy Solberg
Album:
Løvehjerte, En sang til deg
Spilletid:
03m 07s ( 187 sekunder)
Sjanger:
Visepop
Stemning:
Beroligende, Dempet, Dyrebar, Gripende, Inderlig, Lengtende, Magisk, Oppløftende, Poetisk, Rørende, Sart, Sentimental, Seriøs, Sørgende, Tankefull
Tempo:
Middel tempo
Stilart:
Ballade
Vokal:
Kvinnelig vokal
Historikk:
Anmelderfavoritt
Språk:
Norsk
Forlag:
Copyright Control
Plateselskap:
Nordicae (Veslemøy Solberg Production)
Artistweb:
www.veslemoysolberg.no
Partner:
Vis kun titler fra Nordicae
Selskap:
Nordicae
Vis teksten

[ Tekst: Veslemøy Solberg ]

Det hjartet ser

Tekst: Veslemøy Solberg
Melodi: Sven Ohrvik

Så var det tida, båten din låg klar, det var’kje råd.
Eg såg deg ikkje då du gjekk ombord og la i frå.
Du siglde ut på ukjent hav ei klår og stille natt,
fôr bort bak horisonten. Og eg sto eismal att.

Eg såg og såg. Og undra på kvar båten din blei av.
Om du òg var åleine på eit stort og vidstrekt hav.
Då var det som eg høyrde deg midt i den mørke kveld:
«Du ser meg ikkje lenger, men eg er her likevel.

Eg står på andre sida, og eg har lagt båten til,
men eg er hos deg natt og dag så lenge som du vil.
Så lenge du er den du er, så lenge hjartet ser:
så vil eg vera nær deg i alt som med deg skjer».

Så var det tida, båten din låg klar, det var’kje råd.
Eg såg deg ikkje då du gjekk ombord og la i frå.
Men om eg ikkje ser deg her eg stirer frå mi strand,
så veit eg at du ser mot meg i frå ditt løynde land.

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen. Noen av disse cookies vi bruker er avgjørende for deler av området for å operere og har allerede blitt satt. Du kan slette og blokkere alle cookies fra dette nettstedet, men deler av området vil ikke fungere. Ved å fortsette å bruke enkelklarering.no samtykker du i at vi kan sette informasjonskapsler i din nettleser. Du finner mer informasjon, og instruksjoner om hvordan du endrer innstillingene hos www.aboutcookies.orgLukk