[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
eg e en faen, en orkan og en helvetes fyr
har du mot, tør du bli med på eventyr?
Eg e en orkan over land frå et kvitpiska hav
en knytneve salt mot ei tinning av rav
et blødande spor gjennom hogstklare felt
eg e over deg før du får rekna og telt
Eg e vill eg e stor, eg har ruskete bryn
eg e himmel og torden og rullande lyn
eg e havet som reise seg opp som en vegg
eg henge i lufta, eg e jævelens skjegg
Ingen kan stoppe meg, ingen kan snu
eg kasta på haude og knuse ei bru
ingen kan temme og holde meg fast
eg revna et segl og eg splintra ei mast
Eg e høg, eg e mørk med to aue av kol
du høyre meg le frå et endelaust hol
brummande, skummande, sprøytande gal
med føte av sinne og en kjeft som en kval
Du kan gøyme deg vekk i ditt tryggaste skjul
du kan stenge meg ute og stanse mitt ul
men bakerst i skallen din vekse eg fram
lavt over havet og lavt over land.........