[ Tekst: Folketone ]
Inga Litimor på handkvern i kongsgarden mol
og kvad dei småe visene om ljos og liv og sol
- Aldri nokon kunde kvea som ho Litimor den unge og den vene
Då gjekk det bod at Inga må trø for kongens stol
og kvea alt som lyser av ljos og liv og sol
Så høyr eit ord, mitt siste, eg byd deg brudelin
Det er den unge kongen som sjølv må verta din
Når unge kongen vel meg av kjærleik til sitt viv
syng Litimor solsongen so lenge der er liv
Og der vart vigsleveitsle og songen auka på
og hev’kje nyss dei slutta so varar det endå