[ Tekst: Folketone ]
Villemann gjekk seg te storan å
- hei fagraste lindelauvi alle
der han ville gullharpa slå
- ved de runene de lyster han å vinne
Villemann tala te smådrengjen sin
Du hentar meg harpa i raude gullskrin
Villemann gjenge fe straumen å stå
Meisterleg konne han gullharpa slå
Han leika med lente han leika med list
Og fuggelen tagna på grønande kvist
Han leika med gny han leika med harm
Han leika Magnill or nykkjens arm
Men då steig trølli upp or djupaste sjø
Det hjala i berg og det runga i sky
Då slo han si harpe te bonns i si harm
Og utvinner krafti or trollernes arm