[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Du står der med månen i håret
og handa full av stjernskot
du står der med månen i håret
- eg står i en sprukken båt
du kan velje ut, ta den du ve
du kan reise vekk og gje beskjed
- eg går tomhendt om eg går
Du e vind over skoga og vatn
du e en flod av dampande liv
du e vind over skoga og vatn
-i meg står reddslen som en kniv
du e stolt og stor og du har mot
du spør aldri fyst, du går rett mot
- eg tør aldri å ta feil
Du e vinga på juni-gla himmel
du e et rop i blåkvit evighet
du e vinga på juni-gla
- eg står fast på feil planet
du e et barn på leit der andre snur
du e åpen, du e ingen mur
- eg e fange i meg sjølv