[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Eg har ei klokke som går og går i haudet
kvert hundredels sekund blir spor
og det e ei reise i det infraraude
og i betong e det ingen ting som gror
eg kjenne eg blir sugd ned i tidsdjupet
eg felle tima, minutt, sekund med kniv
det e som tida kovna i min strupe
for en leve kun en gong i evige liv
En satelitt han går og går rundt jorda
jernfuglen med kastrerte skrik
han ligge og høyre på dei store kalde orda
systematisera og rekna lik
og det e iskaldt, klart og tomt der ute
men eg har høyrdt at det e enda verre her
og du søve trygt med stål te pute
mens varme ord blør ihjel på et skjær
En pacemaker slår og slår i kroppen
dødt liv te siste åndedrag
med helsekost og lys frå kjempesoppen
for vi solstudio kver en dag
eg dukka ned i menneskeatoma
autopiloten e sovna inn
og det e tukla med genene og kromosoma
på et reagensrør finn eg faren min