[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Du såg ikkje at eg gikk med handa full av blåst
eg ville sei deg alt, men orda hadde svarte hol
og rose e so tunge når dei e av frost
for tvilen stupte blindt i meg og skalv i våre bål
du bar en blomst i deg so mørk og djup
no flomma dagslys mellom våre stup
og dagane jaga meg frå deg
Det regna kjærtegn og små kyss frå handa di
eg låna hjertet ditt og høyre mjuke vingeslag
men andre horisonta glir bak panna mi
og graset lyse grønt bak vår endelause dag
igjåna våte smil går handa mi
eg e en tjuv, men alt e fantasi
og dagane springe ifrå meg
Tenk om eg reiste ut og aldri kom igjen
og sa at støv e alt som finns i avtrykka frå deg
men eg kan’kje døyve suset i konkylien
den sleppe lyset ditt ut på slettene i meg
vakre dikt trenge ikkje by seg fram
sann musikk e uten lyd og larm
og dagane venta långt i deg