[ Tekst: Odd-Erik Lothe ]
Det e midt på dagen, midt i juni en gong
du e barbeint & naken og varm som ei solbakt strand
og du har skodde i håret frå ei natt som blei lång
no dela vi frukost og bord med ei løvetann
Midt i junis heite, gylne åndedrag og båreslag
midt i årets lengste dag, midt i årets heteslag
e vi som vind og støv
som digre fugla i fri flukt
vi pusta inn skog og sjø
vi ete vill og syndig frukt
….midt i juni
Det renne en vind frå fjellet, heit som sol imot kinn
det stige et skrik frå fjorden, kvitt som skumsprøyt og vingeslag
og eg kan høyre pusten din som slår imot min
en kropps dovne åretak i milevid sommardag